Aktuelt frå kommunen

Tenestekontor i Fusa

 

 

Opning av tenestekontoret 29.1.2013: f.v. Ragnhild Bjørke, Solgunn Snilstveit, Synne S. Håve, Bodil L. Hansen. - Klikk for stort bileteOpning av tenestekontoret 29.1.2013: f.v. Ragnhild Bjørke, Solgunn Snilstveit, Synne S. Håve, Bodil L. Hansen.

 

Tysdag 29. januar opna Tenestekontoret i Fusa kommune. Kontoret er oppretta for å samla sakshandsaminga for helse- og omsorgstenestene i kommunen. Betre kompetanse, betre oversikt og rettferdig fordeling av tenester er målet.

Fire personar med tverrfagleg bakgrunn og kompetanse, henta frå dei ymse einingane innan helse og omsorg, skal spesialisera seg på sakshandsaming for desse tenestene. Det er ikkje oppretta nye stillingar til oppgåva, men henta inn 140 % stilling frå einingane.

Opningstid

Tenestekontoret er tilgjengeleg på telefon 56 58 01 00 kvar dag kl 09-14.30. Kontoret held til i 2. høgda i Fjord'n Senter. Dei tilsette er enklast å treffa på telefon, då dei tidvis er ute på oppdrag.

Meldingspasientar

Tenestekontoret skal også ta imot meldingspasientar frå spesialisthelsetenesta. I helg og høgtid vil ansvarssjukepleiar ved Fusa bu- og behandlingssenter ta imot desse på dagtid.

Tenestekontoret handsamar følgjande saker:

  • Praktisk bistand daglege gjeremål
  • Brukarstyrt assistanse (BPA)
  • Dagsenter
  • Matombringing
  • Tryggleiksalarm
  • Avlasting utanfor institusjon
  • Avlasting i institusjon
  • Støttekontakt
  • Omsorgsløn
  • Omsorgsbustad
  • Annan bustad
  • Heimesjukepleie
  • Psykiatrisk helseteneste
  • Rehabilitering utanfor institusjon
  • Dagopphald
  • Korttidsopphald institusjon
  • Langtidsplass institusjon
  • Bustøtte
  • Tilskot til etablering og utbetring

Tenestekontoret skal også vera kontaktadresse og kontakttelefon for koordinerande eining og demensteam.

 

Søknadsskjema

Du kan skriva ut søknadsskjema nedanfor:

Du kan også få søknadsskjema ved å ta kontakt med heimesjukepleien, Fusa bu- og behandlingssenter eller Kommunetunet.

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 30.01.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30