Aktuelt frå kommunen

Temamøte om idrettsaktivitet og idrettsanlegg

Ballbinge på Vinnes - Klikk for stort bileteBallbinge på Vinnes Erik Vangsnes I samband med utarbeiding av ny Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2013-2019, vert det eit eige temamøte om idrettsaktivitet og idrettsanlegg onsdag 23. januar kl 18.00. Møte vert halde på biblioteket i Kommunetunnet på Leiro i Eikelandsosen. Møte er ope for alle interesserte.

 På temamøte vert det først korte innlegg om:

  • Idretten si rolle og idretten sine utfordringar i åra som kjem
  • Statlege tilskotsordningar til idrettsanlegg
  • Kommunale tilskotsordningar til drift og investeringar i private idrettsanlegg
  • Utbyggingspolitikk - kva idrettsanlegg treng me i framtida?
  • Fleirbrukshall - lokalisering og realisering

Det vert høve til å stilla spørsmål undervegs og det kan bli små gruppearbeid.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 18.01.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30