Aktuelt frå kommunen

Tekniske problem med innsynsmodulen

Ei møteklubbe i bevegelse. Foto. - Klikk for stort bilete Grunna tekniske problem med innsynsmodulen (toppmenypunkt Innsyn - Møteplan/politiske sakspapir), viser ikkje alle saker på saklista til Utval for plan og miljø (UPM). Møtet skal vera 31.05.2018.

Saka som manglar på saklista i innsynsmodulen, er UPM-sak 041/2018: Gbnr. 117/3 Nordtveit - 2. gongshøyring av detaljregulering for Selvågen hyttefelt. Førebels finn du sakspapira her (PDF, 13 MB).

Møteinnkallingar

Møteinnkallingane til dei politiske møta denne veka viser heller ikkje, men du finn sakspapira til kvar enkelt sak som skal opp i møta.

Sakspapir frå tidlegare møte

Det er problem òg med alle møta som har vore tidlegare i år. Her er det berre svært få dokument som er synlege på heimesida gjennom innsynsmodulen. 

Det vert arbeidd med å løysa problema i samarbeid med leverandør.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 28.05.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30