Aktuelt frå kommunen

Takk til gåvmilde fusingar!

Klesmarknad - Klikk for stort bilete

Vinteraksjonen for å skaffa klede til flyktningane i Fusa gav eit strålande resultat. No vil dei takksame nye fusingane invitera alle som gav til "takkefest" på språkkaféen tysdag 2. februar. 

God respons

Fusa frivilligsentral, flyktningetenesta og kulturkontoret i Fusa kommune inviterte fusingar til å finna fram vinterklede og vintersko dei ikkje lenger hadde bruk for. "Vinteren har festa grepet og me må ha ekstra omtanke for dei som treng ei hjelpande hand. Fusa har fått mange nye innbyggjarar frå land med eit heilt anna klima, og me ser at dei har behov for gode vinterklede," heitte det i oppfordringa.

Responsen var svært god. "Me fekk inn mykje gode vinterklede, ull og ytterklede, labbar, huer, sjal og vottar, og ullteppe," fortel Heidi Skår Dale, fritidsleiar og kontaktperson for "Kultur for integrering".

Klesmarknad

Noko vart delt ut straks til dei sist ankomne. På språkkaféen 19. januar vart det så skipa til "klesmarknad" der alle fekk forsyna seg etter behov. "Me "underviste" også om korleis me nordmenn kler oss for å halda kulda ute, og korleis ein skal behandla og ta vare på dei flotte ullkleda," seier Dale.

"Takkefest"

"Det var stor glede då me hadde utdelinga på språkkaféen. Flyktningane er svært takksame og vil spesielt invitera alle som var med på å gje til "takkefest" på førstkomande språkkafé tysdag 2. februar," fortel Heidi Skår Dale. Her får dei også ein smakebit av syrisk kultur med gitarist og musikar Manar Alhashemi. Han er 26 år og kjem frå Homs i Syria, men er i dag busett i Os.

Det som vart til overs etter klesmarknaden, vert teke vare på for utdeling til nye flyktningar som skal busetjast i Fusa i år.

Språkkafé 

Annankvar tysdag ettermiddag (i oddetalsveker) er det språkkafé i aktivitetssenteret til Fusa kommune i bygget til Fusa vidaregåande skule på Leiro i Eikelandsosen. Kaféen er open klokka 16.00-18.00. Alle interesserte er velkomne.

"Her kan du få ein god samtale, ta del i språktrening og kulturutveksling. Det er rett og slett møte mellom menneske!" understrekar Heidi Skår Dale. Det vert servert enkel middag - gratis - og det er organisert barnepass til dei minste.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 01.02.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30