Aktuelt frå kommunen

Ta vare på kvarandre i krisesituasjonar!

Trine Lindborg opna eigenberedsutstilling i Fjord'n Senter på sin første dag på jobb som ordførar i Bjørnafjorden - Klikk for stort bileteTrine Lindborg opna eigenberedsutstilling i Fjord'n Senter på sin første dag på jobb som ordførar i Bjørnafjorden

Bruk råda i eigenberedskapsbrosjyren og sørg for deg sjølv og dei du har i heimen. Tenk òg på om det er andre som som kan ha bruk for di hjelp. Ta vare på kvarandre i krisesituasjonar. Det var oppmodinga frå Trine Lindborg, då ho opna eigenberedskapsveka i Fjord'n Senter i Eikelandsosen på sin første arbeidsdag som ordførar i Bjørnafjorden kommune.

DAB-radio med batteri i farsdagsgåve

Onsdag 30. oktober var den nyvalde ordføraren for Bjørnafjorden kommune i Fusa og opna eigenberedskapsutstillinga som butikkane på Fjord'n Senter har laga i stand. Ho oppmoda folk om å ta med seg ei brosjyre og tenkja gjennom kva dei har i heimen. Sjå digital utgåve av brosjyren. (PDF, 2 MB)

Trine Lindborg hadde funne ut at ho sjølv manglar nokre av tinga på den anbefalte eigenberedskapslista. Eg trur det må bli DAB-radio med batteri til mannen i farsdagsgåve," meinte ordføraren i Bjørnafjorden. Med glimt i auga fortalde ho at knekkebrød og leverpostei har dei alltid ståande, men at lageret av kjeks og sjokolade i heimen av ein eller annan grunn ofte er tomt. 

"Eigenberedskapsoppsats"

Rådmannen i Fusa Nils-Petter Borge takka for at Lindborg tok turen over fjorden på sin første ordførardag. Han overrekte alternative blomar: Ein "eigenberedskapsoppsats" som ordføraren kan ha på kontoret i rådhuset på Osøyro om det oppstår ei krise av eit eller anna slag.

Jodtablettar til unge og influensavaksine til gamle er òg eigenberedskap

Kommuneoverlege Klaus Melf informerte om kvifor jodtablettar står på lista over kva du bør ha i heimen. Barn og unge under 18 år tek lettare opp radioaktiv jod, som kan føra til kreft i skjoldbruskkjertelen. Difor treng dei å få rask tilførsel av vanleg jod for å blokkera opptaket av radioaktiv jod ved ei uønskt hending med radioaktivt utslepp.

Barnehagar og skular i Fusa er i ferd med å få utdelt jodtablettar til utdeling dersom det skjer ei uønskt hending med radioaktive utslepp i barnehage- og skuletid. I Os skal det òg koma på plass i barnehagar og skular før nyttår. På fritida må foreldre og føresette sjølve syta for å ha jodtablettar tilgjengeleg. Du får kjøpt dei reseptfritt på apoteka.

Kommuneoverlegen nytta òg høvet til å minna om at det er god eigenberedskap for folk over 65 år og kronisk sjuke å ta influsensavaksine. No er tida for det - og vaksinane er på plass på legekontora.

Kommuneoverlege Klaus Melf informerte om jodtablettar og influensavaksine. | Fotograf: Øystein Havsgård F.v. kommuneoverlege Klaus Melf, Fusa-ordførar Atle Kvåle, ordførar og varaordførar i Bjørnafjorden Trine Lindborg og Mikal Leigland. | Fotograf: EMBV Trine Lindborg opna eigenberedskapsutstilling i Fjord'n Senter på sin første arbeidsdag som ordførar i Bjørnafjorden. | Fotograf: Øystein Havsgård Ordførar Trine Lindborg opnar eigenberedskapsutstilling i Fjord'n Senter under Eigenberedskapsveka 2019 i Bjørnafjorden. | Fotograf: EMBV Ordførar Trine Lindborg oppmodar folk om å lesa eigenbrerdskapsbrosjyren og tenkja etter kva som må til for at dei skal klara seg ved ei krise. | Fotograf: EMBV Rådmann Nils-Petter Borge takkar Trine Lindborg med ein "eigenberedskapsoppsats" til kontoret i rådhuset - i tilfelle krise av eit eller anna slag. | Fotograf: EMBV Rådmann Nils-Petter Borge takkar Trine Lindborg med ein "eigenberedskapsoppsats" til kontoret i rådhuset - i tilfelle krise av eit eller anna slag. | Fotograf: Øystein Havsgård
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 31.10.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30