Aktuelt frå kommunen

Ta kjøkkenpraten for betre branntryggleik

Illustrasjonsfoto frå DSB - Klikk for stort bilete Runar Sørheim

Personar over 70 år har fire til fem gongar høgare risiko for å omkoma i brann enn resten av befolkninga. 1. oktober er FN sin eldredag. Det er eit fint høve til å snakka med dei eldre slektningane dine om branntryggleik.

"Vi oppmodar alle som har eldre slektningar til å ta ein prat om kva brannfarar som finst i heimen, og kva ein kan gjera for å betra branntryggleiken. Det er det vi kallar "Kjøkkenpraten"," seier direktør Cecilie Daae i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

Talet på eldre som bur i eigen bustad vil truleg auka vesentleg i åra som kjem. Mange av desse er ikkje fullt ut i stand til å ta vare på eigen branntryggleik. 

"Kjøkkenprat" og enkle grep

"Ein liten "kjøkkenprat" om branntryggleik kan bidra til å redda liv. Med nokre enkle grep kan du redusera brannfaren hjå eldre du bryr deg om ved til dømes å skifta røykvarslarbatteri eller vurdera behovet for komfyrvakt. På sikkerhverdag.no finst det ei sjekkliste over tema som kan takast opp i denne samtalen," fortel Daae.

Tidleg varsling

Nedsett funksjonsevne kan påverka branntryggleiken til eldre, både når det gjeld å oppdaga brann, sløkkja og evakuera. I følgje statistikk frå DSB oppdagar eldre over 70 år brann i eigen bustad seinare enn resten av befolkninga. 

"Eldre er meir avhengige av gode hjelpemiddel som varslar brann i tide. Tidleg varsling aukar sjansen for å redda seg ut. Sjå til at bustaden har røykvarslarar som fungerer, og test at varslinga kan høyrast i alle rom. Som pårørande kan du sjekka med Hjelpemiddelsentralen om dei eldre slektningane dine har krav på til dømes komfyrvakt eller røykvarslar med lys og vibrering," seier brannsjef i Fusa Gunnar Hatlelid.

Fleire rømmingsvegar

Eldre og andre med funksjonsnedsetjingar har ekstra utfordringar i nødssituasjonar. 

"Med fleire rømmingsvegar er sjansen større for å redda seg ut i live. Hovudkravet er at alle bustader skal ha minst éin rømmingsveg som fører direkte til det fri. Sjå til at det ikkje er noko som sperrar for utgangen. Det er også lurt å øva på å koma deg raskt ut av bustaden," seier brannsjefen. 

Sløkkjeutstyr

Alle bustader skal ha sløkkjeutstyr i form av husbrannslange eller brannsløkkjeapparat. Sjå til at bustaden har sløkkjeutstyr som bebuaren greier å bruka. Om du har redusert rørsle, bør du ikkje prøva å sløkkja, men koma deg ut så fort du kan.

"Bruk FN sin eldredag 1. oktober til å betra branntryggleiken heime hjå nokon du bryr deg om," oppmodar Gunnar Hatlelid, og legg til at medvit rundt brannfarar og gode vanar førebyggjer mange brannar.

Publisert av Heimesideredaksjonen. Sist endra 28.09.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30