Syngjande skule
Eikelandsosen skule er med i det nasjonale prosjektet "Syngjande skule". Kvar veke har dei skulekor, der alle elevane deltek. Og kvar dag syng elevane integrert i den ordinære opplæringa. Nokre gonger i året lagar dei arrangement, der elevane syng for andre utanom skulen.
"Rekna og skriva og lesa er bra, men å få syngja litt det gjer oss glad," heiter det i songen. Og "Glade barn lærer bedre" er eit motto for Syngjande skule-prosjektet. Målet er at skular landet rundt skal satsa på song som ein positiv og synleg aktivitet i skulekvardagen, og på den måten styrkja både læringsmiljøet og det psykososiale miljøet.
No er det altså klart for "Skal vi være venner"-konsert saman med Bjarte Leithaug. Han har gitt ut ei rekkje CD-ar for barn og reiser rundt og har konsertar saman med barnekor. Han har gjesta Fusa fleire gonger.
Rektor ved Eikelandsosen skule, Kjersti Søvik, lovar ei stor konsertoppleving onsdag!
Invitasjon til konsert med Eikelandsosen skulekor og BjarteLeithaug 27.03.2019