Aktuelt frå kommunen

Sylvtine til fusabønder

Ei tine i ekte sylv vert delt ut til bønder som har levert elitemjølk i 15  år. - Klikk for stort bilete

Kari og Jostein Gangstø på garden Indre Samnøy i Fusa - betre kjend som Tønnegarden - er heidra med TINE meierier si sylvtine for å ha levert feilfri, frisk og trygg mjølk av ypperste kvalitet kvar einaste dag i 15 år. 

Elitemjølk

Kvaliteten på mjølka som bøndene leverer vert målt kvar einaste dag. Elitemjølk er den høgaste kvalitetsmerkinga norske mjølkebønder kan få for sin råvareleveranse. Det må nær 5500 dagar med god fjøsdrift og god dyrevelferd til for å kunna motta den eksklusive tina i sylv.

Sylvtina er eit symbol på det langsiktige og møysommelege arbeidet bønder har lagt ned over mange år. Mottakarane av Sylvtina har utført eit imponerande godt arbeid med fokus på kvalitet og grundigheit over lang tid, sier konsernsjef Hanne Refsholt på TINE si heimeside.
 
Andre år på rad
 
Sylvtina har vore delt ut årleg sidan 1994. Dette er andre gongen bønder frå Fusa har fått denne heideren - første gong var i 2014. I år var det 76 mjølkebønder frå heile landet som fekk sylvtina. Sylvtinene vart overrekte av konsernsjefen og styreleiar Trond Reierstad i TINE ved ein høgtideleg festmiddag i Lillestrøm 21. april.
 
Fusa kommune gratulerer! 
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 27.04.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30