Aktuelt frå kommunen

Svøm langt i symjehallen

Svøm langt - Klikk for stort bilete

Fusa symjehall i Eikelandsosen opnar i dag tysdag 3. januar etter juleferien. Dei som vil ta ei ny utfordring i det nye året kan melda seg på "Svøm langt -aksjonen 2017". Målet er at flest mogeleg vaksne sym 10.000 meter og barn under 13 år 2500 meter, i perioden 1. januar til 31. mars. Deltakarane er med i trekninga av tur til Kroatia og fleire fine premiar.

Populær kampanje

"Svøm langt-kampanjen" er populær over heile landet og har årleg omlag 20.000 deltakarar. Dette er ein av dei største mosjonstiltaka i Noreg og er noko både barn og vaksne kan ta del i. I Fusa pleier både Framo aktiv og Fusa symjehall å vera med.

Spør etter kort

Du kan registrera symjelengda di på registreringskort i symjehallen. Spør bademeister Raul etter kort i Fusa symjehall. Du avgjer sjølv kor ofte du vil symja og kor langt, men for å vera med i trekninga av premiar må du som vaksen minst ha 10.000 meter i løpet av perioden og som barn under 13 år ha til saman 2.500 meter.

Lokal og nasjonal premiering

Etter kampanjeslutt 31. mars blir det trekt ein lokal vinnar i Fusa symjehall i kvar av klassane. Desse får eit gratis årskort i symjehallen, i tillegg til at dei er med i den nasjonale trekninga av flotte premiar. Ein kan vinna symjebriller og eit gåvekort på overnatting på Thon-hotell for to personar. Hovupremiane for vaksne er ei vekes ferietur til Kroatia for to personar, og for born, ei reise til Kroatia for 2 born og 2 føresette.

Fusa symjehall vonar kampanjen vil inspirera fleire til til å nytta symjehallen til mosjon og glede for seg sjølv.

Same opningstid

Opningstidene er som før:

Tysdagar: 17.00-21.30
Torsdagar: 17.00-21.30
Laurdagar: 12.00-15.00

Fredagar er det vassgymnastikk for vaksne med instruksjon av fysioterapeut kl 14.00-15.30.

Prisane for kort og bilettar er uendra frå 2016. Sjå prisliste (PDF, 47 kB).
 

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 03.01.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30