Aktuelt frå kommunen

Suksess for trivselsprogrammet

Trivselsprogrammet Holdhus 7 - Klikk for stort bileteTrivselsprogrammet Holdhus 7 Solfrid Lundervik

 

Fem barneskular i Fusa er med på trivselprogrammet - ei landsomfattande satsing på auka trivsel og aktivitet på skulane. På desse skulane er det vald ut mobbefrie trivselsleiarar (TL) frå 4.-7. trinn. Desse elevane legg til rette for auka aktivitet i storfriminutta, fortel folkehelsekoordinator Kristin Almås.

Førebyggjande satsing

Trivselsprogrammet er ei landsomfattande satsing for å auka trivsel og aktivitet på skulane. Ca 800 barne- og ungdomsskular i landet er med. I Fusa er fem av barneskulane våre med på programmet.

Barn er mindre i fysisk aktivitet no enn tidlegare. Forsking viser at fysisk aktivitet har positiv effekt for både fysisk og psykisk helse, for læringsmiljø og læringsutbyte. Fokuset på auka fysisk aktivitet i kvardagen vert difor viktig i tida framover, understrekar folkehelsekoordinatoren. Skulen er ein arena der ein når alle, og der ein kan setja inn gode tiltak. Trivselsprogrammet har vist seg å vera eit slikt godt tiltak, også i Fusa.

 

 

Målet med trivselsprogrammet er å:

• Fremja auka og variert aktivitet og leik i friminutta
• Leggja til rette for at elevar skal byggja gode venskapsrelasjonar
• Redusera konfliktar mellom elevar
• Fremja verdiar som inkludering, respekt og det å vera venleg

Kombinert med gode handlingsplanar mot mobbing, er målet at trivselsprogrammet også skal bidra til å auka trivselen, og redusera mobbing på skulane.

Betre skulemiljø

Brukarundersøkingar viser at dette programmet har god effekt, det stimulerer til fysisk aktivitet og styrkjer det sosiale miljøet. Dei barneskulane i Fusa som deltek på trivselsprogrammet, har alle gode erfaringar med opplegget, dei merkar godt eit auka ativitetsnivå og trivsel i "trivselsfriminutta".

”TL har medverka til meir og variert aktivitet i friminuttane. Både elevar og tilsette er nøgde med at vi har gått inn på opplegget og er sikre på at det medverkar til eit betre skulemiljø!” heiter det i ei av tilbakemeldingane. 

 

Mobbefrie trivselsleiarar

Elevane som vert valde som trivselsleiar (TL), skal ha ei inkluderande haldning og vera ”ikkje-mobbarar”. Dei veit at dersom dei ikkje følgjer krava om å vera eit godt førebilete, kan dei risikera å mista den oransje trivselsleiarvesten. I Fusa viser trivselsleiarane ansvar og tek oppgåvene sine alvorleg. Mange veks i rolla, dei vert meir ansvarsbevisste og får betre sjølvkjensle. Dei lærer også å ”sjå andre”, og dei passar på at alle har noko å vera med på.

Ein annan positiv ting er at det har blitt betre samhald mellom dei store og små trinna. Alle leikar med alle.

Leikekurs

To gonger i året deltek trivselsleiarane på leikekurs, der dei hentar inspirasjon og lærer nye leikar som dei tar med tilbake til eigen skule. Dette kurset likar dei svært godt.

Instruktøren frå Trivselsprosjektet har alltid med noko nytt og spanande. I haust var det opplæring i frisbeegolf med instruktør frå landslaget i frisbee, ikkje småtteri det! På kurset får dei òg trening i å leia og instruera aktivitetar for medelevar. Dette er ei oppgåve dei gjennomfører med glans, fortel Kristin Almås.

 

Takk for hjelpa

Som takk for hjelpa får trivselsleiarane eit kulturkort med rabattar eller gratis inngang på ulike aktivitetar i heile Noreg. Dette kan vera alt frå gratis karusellrenn på Holdhus og halv pris på Framo aktiv, til gratis inngang på Brann-kamp, Vil vite-senter og Kon Tiki-museum. Dei får òg ein "takk for hjelpa-dag" med litt ekstra kos og sjølvsagt noko fysisk aktivitet!

Koordinator

Det ligg ein del planlegging og organisering bak eit slikt program for å få det til å fungera. I Fusa er dette ei av satsingane som er sett i verk og koordinert av folkehelsekoordinatoren. På kvar skule er det vidare ein vaksen trivselsansvarleg som syter for oppfølging på at trivselsleiarane gjer ein god jobb.

Les meir om trivselsleiarprogrammet

Eikelandsosen TL 1 Eikelandsosen TL 2 Eikelandsosen TL 3 Holdhus TL 1 Fotograf: Solfrid Lundervik Holdhus TL 3 Nore Fusa TL 1 Nore Fusa TL 2 Nore Fusa TL 3 Strandvik TL 1 Strandvik TL 2 Søre Fusa TL  3 Søre Fusa TL 1 Søre Fusa TL 2 TL-avslutning i Strandvik 1 TL-avslutning i Strandvik 2 TL-avslutning i Strandvik 3

Publisert av Anne Helen Helland. Sist endra 09.07.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30