Aktuelt frå kommunen

Suksess for Open brannstasjon 2015

Brannkonstabel Johan Bergerud og Tuva testar brannslangen til Fusa brann og redning. - Klikk for stort bileteBrannkonstabel Johan Bergerud og Tuva testar brannslangen til Fusa brann og redning. Beate Holmefjord

Nær 400 personar var innom brannstasjonen i Eikelandsosen på open dag laurdag 19. september. Både små og store - og Fusa brann og redning - var svært godt nøgde med dagen.  

Moro for liten og stor

Store flokkar med ungar, foreldre, besteforeldre og onklar fann vegen til brannstasjonen i Eikelandsosen for å få med seg Open brannstasjon laurdag. Og her var det noko for ein kvar smak: Nysteikte lappar, saft, kaffi og te gjekk ned på høgkant. Det vart delt ut rundt 200 små brannhjelmar til ungane. To brannbilar gjekk i skytteltrafikk i to timar med spente passasjerer. Ivrige ungar fekk prøva brannslangane under kyndig leiing av brannmannskapa. Og alle som ville fekk prøva seg på kunnskapsløype.

 

Komfyrbrann. - Klikk for stort bilete Beate Holmefjord

Gode brannråd

Brannmannskapa demonstrerte òg korleis ein kan sikra heimen mot brann, m.a. kva ein skal gjera og kva ein absolutt ikkje skal gjera ved ein komfyrbrann.  

"Vi er svært nøgde med frammøtet og håper folk fekk nytte av dagen," seier brannsjef Gunnar Hatlelid.

 

Snarveg:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 24.09.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30