Aktuelt frå kommunen

Suksess for korpsdebutantar

Lisbeth Sommerstad dirigerer Eikelandsosen skulemusikklag under NM - Klikk for stort bileteLisbeth Sommerstad dirigerer Eikelandsosen skulemusikklag under NM Anders Fosse Dei stilte opp i NM for skulekorps - brass - for første gong både 2013-utgåva av Eikelandsosen skulemusikklag og dirigenten deira Lisbeth Sommerstad frå Fusa kulturskule. Ho vart kåra til årets dirigent, musikantane kapra 3. plassen i 3. divisjon. Fusa kommune gratulerer!

NM for skulekorps vart skipa til i Stavanger konserthus i helga. Fusa stilte med 15 musikantar i Eikelandsosen skulemusikklag.

Korpsvekst

Lisbeth Sommerstad overtok som dirigent for skulemusikken i 2009 - med fem musikantar. Både dirigent og støtteapparat har gjort ein stor innsats for å rekruttera nye musikantar og utvikla skulemusikken. I dag er det 18 med i hovudkorpset i tillegg til sju aspirantar.

Hordalandsdominans

Vårt fylke dominerte stort under NM i Stavanger: Hordaland stakk av med sigeren i alle tre divisjonane og hadde størsteparten av deltakarane. Vårt lokale korps er altså del av eit blømande korpsmiljø her i fylket. Og debutantane gjorde ein strålande innsats og fekk ei stor oppleving. Sjå meir om NM på Norges Musikkorpsforbund sine nettsider.

Fusa kommune gratulerer både Eikelandsosen skulemusikklag og dirigent Lisbeth!

Eikelandsosen skulemusikklag - Klikk for stort bileteEikelandsosen skulemusikklag Anders Fosse

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 25.06.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30