Aktuelt frå kommunen

Styringsgruppa seier ja til samanslåing

Bjørnefjorden kommune - Klikk for stort bilete Styringsgruppa for kommunereforma innstiller med 7 mot 4 røyster på samanslåing med Os kommune til ein ny Bjørnefjorden kommune. Kommunestyret fattar endeleg vedtak onsdag 22. juni kl 17. Møtet finn stad i gymsalen på Fusa vidaregåande skule i Eikelandsosen og er ope for alle interesserte. Sjå sakspapir (PDF, 3 MB)

Styringsgruppa hadde møte i kveld 20. juni og vedtok følgjande innstilling til kommunestyret (PDF, 22 kB): "Fusa kommunestyre godkjenner at Fusa kommune slår seg saman med Os kommune til Bjørnefjorden kommune. Den nye Bjørnefjorden kommune vil vera etablert frå 1. januar 2020."

Innstillinga vart vedteken med følgjande røyster: Atle Kvåle, Anne-Grethe Gjerdevik og Hans Ekeberg (Ap), Magne Djuvik (Frp), Gustav Folkestad (V), Svein Lang (Sp) og Roger Hoel (Uavhengig).

Mindretalsframlegg

Mikal Leigland (Sp) fremja følgjande forslag: "Fusa kommune ved styringsgruppa ser det ikkje formålstenleg å slå seg saman med Os."

Framlegget fekk følgjande stemmer: Aud May Boge (H), Mikal Leigland og Peter-Hans de Zwarte (Sp) og Bjarte Samnøy (Krf).

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 22.06.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30