Aktuelt frå kommunen
Strandvik-bygda i vårskrud | Fotograf: Strandvik oppvekstsenter
Vårstemning i Strandvik fotograf Strandvik oppvekstsenter

Strandvikjo.no

Strandvik har fått si eiga bygdeside på Internett. På strandvikjo.no kan du lesa om vårrydding i bygda, at Strandvik har kome med som eit 1-årsprosjekt i bygdeutviklingsprogrammet LivogLyst eller du kan finna kontaktpersonar i lokale lag og organisasjonar. Fusa kommune gratulerer med ei flott heimeside.

Strandvik si bygdeside er siste skot på stamma av lokale nettsider for bygdelag i Fusa. Vi har no samla desse på ei eiga side, Bygdesider, med lenker for at dei skal vera lette å finna, også via den kommunale heimesida.

Skulle det vera fleire slike lokale sider så tek vi gjerne imot tips om dette.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 08.05.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30