Aktuelt frå kommunen
Fotograf: Landbrukskontoret
Naustrekkja i Strandvik fotograf Landbrukskontoret
Strandvikjene som tok imot juryen for Kulturlandskapsprisen 2012 | Fotograf: Landbrukskontoret
Strandvikjene som tok imot juryen for Kulturlandskapsprisen 2012 fotograf Landbrukskontoret
Velstelt kulturlandskap i Strandvik | Fotograf: Landbrukskontoret
Velstelt kulturlandskap i Strandvik fotograf Landbrukskontoret
Fotograf: Landbrukskontoret
Skuleelevar las opp Strandviksongen fotograf Landbrukskontoret

Strandvik nominert til kulturlandskapspris

Fusa kommune har føreslått Strandvik-bygda som kandidat til den regionale kulturlandskapsprisen for 2012. Tysdag 29. mai var deler av juryen på synfaring for å vurdera kandidaten.

Kulturlandskapsprisen skal vera ei påskjøning til dei som har gjort ein mangeårig innsats for å ta vare på jordbruket sitt kulturlandskap i Hordaland. Prisen vert delt ut årleg av Fylkesmannen.

Tema og kriterium for årets pris:

  • Jordbrukslandskapet framstår som tydeleg grunnlag for produksjon av trygg kvalitetsmat

  • Produksjonslandskapet er produktivt og halde i god hevd

  • Rasjonell og effektiv drift av areala med vekt på framtidig og varig forvaltning

Både enkeltpersonar, organisasjonar, bygde- og grendelag m.fl. kan få prisen.

Kulturlandskapsprisen 2012 skal gå til dei som tek vare på heilskapen og mangfaldet i kulturlandskapet m.o.t. biologisk mangfald, kulturhistorie, bygningsvern eller landskapsoppleving.

Prisen skal medverka til å setja fokus på dei verdiar og kvalitetar som ligg i kulturlandskapet og arbeidsinnsatsen som ligg bak.


Synfaring i Strandvik

Tysdag 29. mai kom representantar frå Fylkesmannen si landbruksavdeling, Hordaland fylkeskommune, Hordaland Bondelag og Hordaland Bonde og Småbrukarlag på fusabesøk.
Sju bønder/grunneigarar frå Strandvik tok i mot dei på Kvålshaugen.

Heile gruppa fekk ein rundtur i bygda. Dei fekk sjå kvernhus, vårflor, naustrekkje og eit overblikk over Strandvik frå Hauge. Det vart også tid til ein titt i det nye fellesfjøset. Det vart servert kaffi og lokalproduserte lefser på Handelslaget. Her var det også eit kulturelt innslag: To skulebarn las Strandviksongen.

Strandvik-gjengen presenterte bygda si på ein god måte for dei tilreisande, og Fusa kommune ønskjer dei lukke til i konkurransen om Kulturlandskapsprisen 2012. Kåringa vert gjort innan utgangen av august.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 30.05.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30