Aktuelt frå kommunen

Strandrydding på Vinnesleiro

Strandrydding - Klikk for stort bilete

Torsdag 19. april vert det ein storstilt ryddeaksjon på strendene ved Vinnesleiro naturreservat. Skulane på Fusa-halvøya og vaksenopplæringa mønstrar på med flittige hender frå kl 9.30 om morgonen og andre frivillige kan møta opp til dugnad.

Fjerner du plast fra strendene, så hindrar du at den blir til mikroplast som skadar miljø og dyreliv. Bli med på strandrydding i Vinnesleiro naturreservat 19. april frå kl. 09.30 til omlag kl 13.30. Hugs å ha arbeidsklede og helst støvlar. Du kan gjerne kombinera bosplukkinga med ein tur på den idylliske kyststien i området.
 
Det er frammøte på parkeringsplass ved Vinnesleiro, ved fylkesvegen. Her blir det informasjon om ryddeområdet og ferdsel i naturreservatet. Frå 15. april er det forbode å gå land på holmar og skjer i naturreservatet. 
 

Strandrydding heile året

Strandryddeaksjonen går heile året. BIR deler ut strandryddesekkar og tar imot fulle sekkar med havplast gratis på alle sine gjenvinningsstasjonar. Sekkane kan ein òg levera til bossbil i rute etter avtale med BIR. ​Aksjonen i Fusa er eit samarbeid mellom Bergen interkommunale renovasjonsselskap (Bir), Bergen og omland friluftsråd (Bof) og Fusa kommune. Fusa kommune oppmodar alle bygder i Fusa til å gjennomføra tilsvarande ryddeaksjonar. Då kan ein gjerne kombinera aksjonen med den årlege vårryddinga


Vårryddeaksjon

Bir har ein eigen vårryddeaksjon som går over tre veker frå 23. april til 11. mai. Du kan få sekkar til innsamling i nærmiljøet på Kommunetunet i Eikelandsosen. Les meir om aksjonen på Bir.no.
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 18.04.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30