Aktuelt frå kommunen

Stortingsvalet og sametingsvalet 2017

Valurne - Klikk for stort bilete

Veljarar, som ikkje er i heimkommunen på valdagen den 11. september 2017, kan frå 3. juli  førehandsrøysta enten i Norge, i utlandet, på Svalbard eller Jan Mayen. Før valdagen kan du røysta i kva kommune som helst i Norge eller utlandet. Ordinær førehandsrøysting tok til torsdag 10. august. Sjå eige menypunkt med stoff om valet 2017.

Ordinær førehandsrøysting

I perioden 10. august  - 8. september er det ordinær førehandsrøysting i alle kommunane. Veljaren er sjølv ansvarleg for å førehandsrøysta på eit tidspunkt som gjer at førehandsrøystegivinga kjem til valstyret innan dagen etter valdagen kl 17.00. Sjå eigen artikkel med meir informasjon om ordinær førehandsrøysting på Val 2017.

Stortingsvalet

På valdagen 11. september må du røysta i den kommunen du har registrert bustadadresse den 30. juni  2017. 
 

Sametingsvalet

Dersom kommunen din har færre enn 30 registrerte i Sametinget sitt valmanntal, må du førehandsrøysta.  I Fusa er det derfor førehandsrøysting til sametingsvalet.
 
Du kan berre røysta ein gong. Du treng ikkje valkort, men hugs å ta med legitimasjon.
 
For meir informasjon om vala –sjå www.valg.no . Der er det også informasjon om det einaste kommunestyrevalet som skal gjennomførast 11. september; Færder kommunestyreval.  Det er eit ekstraordinært kommunestyreval. Nøtterøy kommune og Tjøme kommune held val for den nye kommunen Færder.
 
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 04.09.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30