Aktuelt frå kommunen

Stortinget har vedteke kommunereforma

Stortinget i Oslo - Klikk for stort bilete

Stortinget gjorde endeleg vedtak om ny kommunestruktur 8. juni 2017. Kommunereforma er dermed eit faktum, og Os og Fusa skal slåast saman frå 1. januar 2020. 

 

Mykje har hendt i kulissane lenge før vedtaket på Stortinget. Alt hausten 2016 vedtok Os kommunestyre og Fusa kommunestyre å setja ned ei felles styringsgruppe for kommunereforma. Innkallingar og protokollar frå møta i styringsgruppa ligg digitalt tilgjengeleg her på heimesida.

Kven er styringsgruppa?

Styringsgruppa består av desse frå Fusa kommune: ordførar Atle Kvåle (AP), Svein Lang (SP) og Aud May Boge (H) frå opposisjonen, konstituert rådmann Elisabeth Farstad og hovudtillitsvald Linda A. Lohne.

Frå Os kommune møter: ordførar Marie Bruarøy (H), varaordførar Laila Reiertsen (Frp), Helge Steinum (AP) frå opposisjonen, rådmann Christian Fotland og hovudtillitsvald Jonny Christensen.
 

Kva gjer dei?

Styringsgruppa er i gang med å avklare praktiske spørsmål i den store jobben ei kommunesamanslåing er, fram til dei blir avløyste av ei fellesnemd hausten 2017. Mandatet til styringsgruppa er å ta stilling til nøkkelfunksjonar i samanslåinga, slik som IKT og infrastruktur, arkiv, planar, kommunikasjon.
 
Dei skal også vurdera pilotprosjekt for samanslåing, sjå på organisering av ny kommune, og sjå til at samanslåingsarbeidet ikkje blir til eit hinder for den daglege drifta av kommunane. Styringsgruppa skal i felles kommunestyremøte 24. august 2017 presentera eit framlegg til mandat for fellesnemnda.
 

Kven fortset arbeidet til styringsgruppa?

Etter at Stortinget den 8. juni 2017 formelt har vedtatt ei samanslåing, opprettar kommunestyra ei fellesnemd beståande av fem politikarar frå kvar kommune. Fellesnemnda fortset for full maskin arbeidet som styringsgruppa innleia. Då gir også staten pengar til arbeidet. 
 

Kva skjer vidare i 2017?

8. juni 2017 gjorde Stortinget vedtak i saka om kommunesamanslåing mellom Os kommune og Fusa kommune. Les meir på Stortinget sine sider.
 
15. juni 2017 vert det felles kommunestyremøte for kommunane Fusa og Os.Temaene i møtet er blant anna å retta søkjelyset på kva som trengs for å lukkast med å byggja ein ny kommune. Det vert også presentert korleis andre kommunar har arbeidd med samanslåingsprosessen. Nytt kommunenamn for den nye kommunen og mandat til fellesnemda er også på dagsorden.  
 
21. juni 2017 har styringsgruppa møte der dei tar for seg Stortinget si behandling av saka, og arbeidet vidare fram mot fellesnemnda tar over frå hausten 2017.
 
24. august 2017 kallar fylkesmannen i Hordaland inn til felles kommunestyremøte mellom kommunane Fusa og Os. Fellesnemnda vert etablert for vidare arbeid.
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 12.06.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30