Aktuelt frå kommunen

Stor strandryddeaksjon i helga

Atle Kvåle inviterer til ryddeaksjon (Fusa kommune) - Klikk for stort bilete

Bli med på storstilt ryddeaksjon for å få vekk plast og anna avfall frå strendene i Fusa til helga! Ordførar Atle Kvåle oppmodar folk i alle aldrar til å vera med på stordugnad laurdag og søndag.

4 oppmøtepunkt
Det blir fire sentrale oppmøtepunkt i aksjonen:

Vinnes - på parkeringsplass for båthamna
Holmefjord - på rasteplass for fv 48 ved Kråkeskarstunellen
Baldersheim - ved nærbutikk på Revna
Eikelandsosen - på parkeringsplass ved Leiro

BIR stiller med materiell
Det er oppmøte med utdeling av utstyr og fordeling av ryddeområde laurdag i tida mellom kl 10-11. BIR stiller med hanskar og spesielle sekkar til oppsamling av avfall. På dei fire oppmøtepunkta vil det også vera ein stor avfallscontainer for å samla alt bosset.

Vis aktsemd
Det er trong for mykje folk. Fusa har ei lang og flott strandline og det er mykje å fara over. Målet er i første omgang å få rydda dei mest utsette områda i nærleiken av der folk bur. I løpet av våren skal heile strandsona i Fusa vera fri for plast og svineri! Vi håper sjølvsagt at alle lokale grunneigarar stiller seg positive til aksjonen, men vi ber samstundes deltakarane om å visa aktsemd ved ferdsel på innmark. Spør om lov til å gå og rydda dersom du er i tvil.

Treng mange hender
Vi veit at det er fleire område med mykje plast m.a. ved Vinnesleiro som ligg sentralt i Bjørnafjorden. Om det ikkje er så mykje å rydda nett der du bur kan du kanskje vera med på dugnaden i nabobygda. Vi treng mange hender og stor innsats. Her kan alle vera med!


Gode klede og god niste
Hugs å ha gode arbeidsklede, og helst regntøy med dei meldingane som er no. Det er også viktig å ha med med seg godt med mat og drikke. Strandrydding er hardt arbeid, men vi trur at dette er noko alle finn gjevande å vera på. Du vel sjølv kor lenge du vil vera med og om du ryddar laurdag og eller søndag. Fusa kommune vonar på stort oppmøte.

Kontaktpersonar:
Vinnes - Erik Vangsnes 47277146
Holmefjord - Marie Kolle 41648106/ Cecilie Boge 41361558
Eikelandsosen - Richard Markhus 48062590
Baldersheim - Magne Smørholm 95862861

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 17.02.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30