Aktuelt frå kommunen

Stor interesse for UKM

Fusa-band på UKM 2015 - Klikk for stort bilete

Den årlege kulturfestivalen for ungdom i Os og Fusa vert arrangert søndag 14. februar kl 16.00 på ungdomshuset Breidablikk i Sævareid. Arrangørane melder om god respons og mange påmelde deltakarar. Sjå program (PDF, 74 kB).

Stor breidde

Per no er det 14 ulike innslag i sceneprogrammet med god fordeling på musikk, teater og dans. Det vert også film. Fleire ungdomar både frå Os og Fusa har meldt seg for å vera med på arrangørsida, både som konferansierar, medlemer i nettredaksjon, jury og ulike praktiske oppgåver. 
 

Aktivt ungdomsråd

Medlemene i ungdomsrådet i Fusa er sterkt involverte i arrangementet, og dette gjer at ein denne gongen har lukkast godt med å få ungdom til å ta ansvar for gjennomføringa. 

Alt billettsal skjer i døra. Inngang kr 100,-/ maks kr 300,- for familie. Barn under skulealder gratis. Ein kan bruka følgjekort.
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 12.02.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30