Aktuelt frå kommunen

Stipend og æresprisar frå idrettsrådet

Anni Skåtun og Helene Åsmul Kilen - Klikk for stort bilete Fusa idrettsråd sin ærespris for 2016 har gått til Helene Åsmul Kilen frå Eikelandsfjorden idrettslag og Vidar Hjartnes frå Hålandsdal idrettslag. Årets idrettsstipend gjekk til stortalentet Anni Skåtun, som konkurrerer i karate på internasjonalt nivå. 

Under ei samkome i Sparebanken Vest sine lokale i Eikelandsosen tysdag 13. desember delte Fusa idrettsråd ut heider til trufaste slitarar i Fusa-idretten og det årlege idrettsstipendet til unge talent.

Vinnande vesen

I år var det kome inn fleire gode forslag frå idrettslaga til kandidatar for idrettsrådet sin ærespris og styret for idrettsrådet valde då å dela ut to prisar i 2016.

Helene Åsmul Kilen vart tildelt ærespris for sin innsats som lagleiar i fotballgruppa til Eikelandsfjorden idrettslag. I si innstilling har Eikelandsfjorden idrettslag lagt vekt på at Helene har eit enormt engasjement kombinert med eit vinnande vesen, og ei positiv og løysingsorientert haldning. I følgje leiaren i EIL, Richard Markhus, har denne framferda påverka både aktørane kring laget og heile klubben. I så måte er ho, i følgje Markhus, eit strålande førebilete for alle lagleiarar.

Leiar i Fusa idrettsråd, Liv Nyheim Kilen, delte ut diplom, blomar og ein gåvesjekk på 1000 kroner som takk for 10 år som lagleiar og lagbyggar i Eikelandsfjorden idrettslag.

Primus motor

Den andre æresprisen gjekk til Vidar Hjartnes. Han var innstilt av Hålandsdal idrettslag og fekk prisen for sitt årelange arbeid både som trenar og tillitsvald. Vidar har vore trenar for rekruttane i skiskyttargruppa, samstundes har han vore ein primus motor bak bygging og drift av Bygdastølen ski- og tursenter og rulleskibanen på Holdhus. Han har også vore leiar i Hålandsdalen idrettslag og vore aktivt med i Hordaland skiskyttarkrets sitt arbeid m.a. i etableringa av det nye kretslaget Team Gla'laks. I tillegg har han også vore med i Fusa idrettsråd over fleire år.

I følgje leiar i Hålandsdal idrettslag, André Bjørndal, har Vidar gjort ein uvurderleg innsats for idretten i Fusa. Vidar Hjartnes var sjølv ikkje til stades under utdelinga, men vil bli heidra ved eit passande høve seinare i vinter.

Merittert 17-åring

Idrettsstipendet er eit samarbeid mellom Fusa idrettsråd og Sparebanken Vest. I år gjekk stipendet til karateutøvar Anni Skåtun frå Fusa karateklubb. Banksjef Anja Riise var tydeleg imponert når ho las opp Anni sin medaljefangst nasjonalt og internasjonalt. Trass i at ho berre er 17 år, er Anni i dag forbundet sin mest meritterte utøvar med i alt 11 internasjonale medaljar.

- Du er eit flott førebilete for alle i klubben din og heile Fusa-idretten. Eg synes det er kjempefint at du også engasjerer deg som instruktør i klubben din, samstundes som du satsar for å nå lengst mogeleg i din eigen karriere, sa Riise før ho delte ut stipendet på 10.000 kroner på vegner av banken og Fusa idrettsråd.

Fusa kommune gratulerer både Helene, Vidar og Anni med velfortent heider.

Fotograf: Erik Vangsnes Anni Skåtun | Fotograf: Erik Vangsnes Fotograf: Erik Vangsnes Kake | Fotograf: Erik Vangsnes
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 14.12.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30