Aktuelt frå kommunen

Stikk-innom-verkstad for friluftsliv på kart

Stupebrett i Skjelavikjo i Strandvik - Klikk for stort bilete

Fusa kommune inviterer publikum til å bli med på kartlegging av areal nytta til friluftsliv. Har du kunnskapar om plassar for friluftsliv i bygda di er du oppfordra til å stilla på kartleggings-verkstad tysdag 14. november i tidsrommet kl 16-19 på Kommunetunet i Eikelandsosen. Kartlegginga er eit samarbeid mellom Bergen og omland friluftsråd og Fusa kommune.

Fusa kommune treng hjelp til å få kartfesta kva areal som er brukt til turar i nærmiljøet, utfartsområde i fjellheimen, fisskeplassar frå land, andre badeplassar enn dei vi kjenner som etablerte friluftsområde med meir. Kanskje du har kunnskapar du vil dela med oss?

Kartlegginga av friluftsressurane i Fusa er ein del av eit nasjonalt program. Prosjektet er styrt av Miljødirektoratet og forankra i både «Nasjonal strategi for et aktivt friluftsliv» og «Nasjonal strategi for statlig sikring og tilrettelegging av friluftslivområder». Arbeidet i Fusa vil venteleg vera sluttført innan sommaren 2018. Sjå meir informasjon i tidlegare artikkel på heimesida.

 
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 13.11.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30