Stemmerettsjubileum og kulturminnedagar
Begge er del av markeringa av at det i år er 100 år sidan kvinner fekk allmenn stemmerett her i landet. Utstillinga i Glasgato er samstundes Fusa kommune si markering av kulturminnedagane 2013, der temaet er "Historiens kvinner og menn - deltagelse, fellesskap og handling".
Deltaking
I Fusa har ein vald å fokusera på kvinner sin kamp for deltaking på likefot med menn både innan politikken, yrkeslivet og idretten. Dette vert presentert grafisk av kunstnar Anja Tveiterås og i faktatekstar, minnesitat og spørsmål til ettertanke på kvar plakat. Føregangskvinnene som er valde ut er dokter Kari Øpstad, politikar Brit Fosså, barnehagetilsett Kirsten Samnøen og idrettskvinna Liv Grete Skjelbreid Poirée.
Utsnitt frå Anja Tveiterås si grafiske framstilling av føregangskvinna Kari Øpstad.
Målet er å byggja vidare på desse fire plakatane og utvida utstillinga også med føregangsmenn til grunnlovsjubileet neste år.
Utstillinga vert ståande utover hausten og er tilgjengeleg i Kommunetunet og biblioteket si opningstid.