Aktuelt frå kommunen

Stemmerettsjubileum i Torsdagsakademiet

Utsnitt av plakat om kvinner i Fusa-politikken - Klikk for stort bileteUtsnitt av plakat om kvinner i Fusa-politikken Utsnitt av illustrasjon Torsdag 28. november kl 19.00 er det nytt Torsdagsakademi i Fusa folkebibliotek sine lokale i Kommunetunet, Eikelandsosen. Programhaldar denne kvelden er Tove Pemmer Sætre som skal kåsera om stemmerettsjubileet. Tittelen på programmet er «Vi hadde aldri tvilt på at vi skulle seire» -100 år med kvinnestemmerett i Norge 1913 – 2013.

Nestleiar i Bergen Kvinnesaksforening - tidlegare fylkesbiblioteksjef og leiar av biblioteket ved Høgskolen i Bergen – Tove Pemmer Sætre – har laga eit sterk og spennande foredrag om viktige personar og hendingar i kampen for likestilling og stemmerett. Gjennom tekst og bilete vil tilhøyrarane få eit møte med personar og grupperingar som la grunnlaget for Stortinget sitt vedtak i 1913. Linjene vert trekte fram mot viktige milepælar også i nyare tid, der modige og kunnskapsrike kvinner har vunne posisjonar i det offentlege Norge.

I samband med kåseriet er det også høve til å sjå ei utstlling i Glasgato i høve stemmerettsjubileet. Denne er laga med utgangspunkt i ei plakatutstilling frå den nasjonale markeringa av jubileet. Fusa kommune har tillegg fått laga fire plakatar med ei lokal vinkling på same tema. Formgjevinga har Anja Tveiterås stått for og tekstane er laga av Ella Marie Brekke Vangsnes.

Det vert enkel servering. Inngang kr 100,-.

Torsdagsakemiet er denne kvelden arrangert i samarbeid med Hordaland fylkesbibliotek og Kvinnenettverksgruppa på Fusa-halvøya.
 

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 27.11.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30