Aktuelt frå kommunen

Startlån

Illustrasjonsfoto - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto GROM Startlån er eit finansieringstilbod for personar som har vanskar med å skaffa seg eigen bustad. Fusa kommune innførte ordninga i 2013, og no er NAV Fusa i gang med å rettleia søkjarar og behandla søknader. Kommunestyret har vedteke retningsliner for startlån i Fusa (PDF, 72 kB). Meir informasjon finn du på ei eiga side om denne tenesta.

Startlån er ei behovsprøvd ordning for søkjarar som bur eller skal busetja seg i Fusa kommune. Det kan søkjast om lån til ein konkret bustad eller om førehandsgodkjenning. Kommunen tek imot og behandlar søknader om startlån. Søkjarane må bruka Husbanken sitt søknadsskjema. Alle inntekter og utgifter må dokumenterast.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 16.01.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30