Aktuelt frå kommunen

Stadnamn til høyring

Poststempel Øvre Hålandsdal frå 1932 - Klikk for stort bilete

Fusa kommune har i samband med adresseringsprosjektet reist namnesak for to gardsnamn og eit bygdenamn i Fusa for å få avklart rett skrivemåte for offentleg bruk. Det gjeld namna Abotnes ved Lygrepollen, Tjørn i Hålandsdalen og bygdenamnet Øvre Hålandsdal.

Åbotenes og Kjønn

Kartverket Bergen har sendt saka som gjeld gardssnamn ut på lokal høyring i kommunen, jf. § 5 i lov om stadnamn.

Fusa kommune reiser namnesak for fylgjande namn med avleiingar:

  • Abotnes/Åbotenes/Abotenes (gnr. 125)

  • Tjørn/Kjønn (gnr. 51)

Sjå brev til oppsitjarane på gnr 125 og 51. Frist for grunneigarar og andre til å koma med uttalar er 25. april 2016.

Øvre Hålandsdal eller Øvre Hålandsdalen

I tillegg har Fusa kommune på eige initiativ sendt ut på høyring spørsmål om skrivemåten av bygdenamnet Øvre Hålandsdal/ Øvre Hålandsdalen. Sjå brev til grendalaget.

Fusa kommune vil be eigarar og festarar av bruk og andre interesserte, til å koma med uttaler til skrivemåten av dei to gardsnamna og bygdenamnet. 

Til orientering vil den vidare saksgangen bli at Fusa kommune gjer ei vurdering av dei innkomne forslaga og kjem med ei politisk tilråding med vedtak i kommunestyret. Det endelege vedtaket i sakene med gardsnamn vert gjort av Statens kartverk. Fusa kommunestyre gjer endeleg i vedtak for bygdenamn.

Brev eller digitalt skjema

Frist for grunneigarar og andre til å koma med uttaler i begge sakene er sett til 25. april 2016.

Uttale kan sendast som eit brev eller ved å bruka digital høyringsuttale. Det vil vera ei stor føremon at synspunkt i saka er grunngjevne og dokumenterte.

Du kan senda inn høyringsuttale:

  • på digitalt skjema
  • i brev til Fusa kommune, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen

Ein vil oppmoda om at ein også les nøye vedlagt brev frå Kartverket med vedlegg.

Sakshandsamar i Fusa kommune i desse namnesakene er kulturleiar Erik Vangsnes, telefon 56 58 01 53. E-post: erik.vangsnes@fusa.kommune.no.

 

 

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 20.04.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30