Aktuelt frå kommunen

Språkmangfald i Fusa

Kø av folk frå fleire nasjonar ved kakebordet i Kommunetunet. Foto. - Klikk for stort bileteKø av folk frå fleire nasjonar ved kakebordet i Kommunetunet. Foto.

Mange ulike språk og nasjonalitetar møttest til felles feiring av den internasjonale morsmålsdagen i Fusa folkebibliotek laurdag 22. februar. Erfaringsutveksling, språkleik, internasjonalt kakebord, musikk og dans skapte god stemning og spennande møte mellom menneske.

Kofferten

Flyktningekoordinator Sarifa Moola-Nernæs, som sjølv kjem frå Sør-Afrika, fortalde litt om kor viktig morsmålet er for oss menneske. Det er så mykje meir enn bokstavar og ord. Ho samanlikna det med ein koffert, der me ber med oss identiteten vår, forteljartradisjonar, songar, eventyr, poesi, uttrykksmåtar, ordtak osb.

"Heilt gresk"

I følgje Statistisk sentralbyrå sine tal (SSB) bur det folk frå 30-40 ulike land i Fusa og morsmåla som er representerte er endå fleire. Korleis kan det vera å koma til eit land med eit heilt anna språk og skulle finna seg til rette der utan å kunna eit ord av dette språket? Dei frammøtte fekk ein liten smakebit på dette, då Sarifa bad alle stilla i to ringar og presentera seg for kvarandre. Det gjekk på russisk, tyrkisk, kurdisk, arabisk, italiensk, spansk, ukrainsk, litauisk, tysk, thailandsk, svensk, norsk, engelsk, armar og bein ... Og det meste høyrdest "heilt gresk" ut, endå alle skulle seia det same: Kva heiter du? Kvar kjem du frå? Kor lenge har du budd i Fusa?

Smakebitar 

Tre innflyttarfamiliar hadde fått i oppdrag å presentera seg, sitt språk og sitt møte med norsk språk: Nataliya og Evgenia frå Ukraina (russisk og ukrainsk), Fausta og Gigi med familie frå Italia (italiensk) og dei nytilflytta flyktningefamiliane frå Syria (kurdisk og arabisk).

Etterpå var det kulinariske smakebitar med både italiensk lasagne, kurdiske småkaker og norske vafler. Praten gjekk livleg og kontaktar vart knytte. Ønsket om fleire slike møteplassar vart formidla frå mange hald. 

Til slutt vart det servert musikalske smakebitar frå Syria med tradisjonelt strengeinstrument og dans.

Arrangørar var flyktningetenesta i Fusa kommune i samarbeid med Fusa folkebibliotek, Fusa frivilligsentral, Eikelandsfjorden husmorforening og Fusa røde kors.

Nytt arrangement 21. mars

Dei same arrangørane inviterer til nytt internasjonalt treff i biblioteket i Kommunetunet i Eikelandsosen laurdag 21. mars. Då er det FNs internasjonale dag mot rasediskriminering og den internasjonale poesidagen som er den ytre ramma om arrangementet. Vel møtt til nye spennande møte i biblioteket!

Åtte av flyktningane frå Syria. Foto. | Fotograf: Erik Vangsnes Flyktningekoordinator Sarifa Moola-Nernæs frå Sør-Afrika og Mundheim (t.h.) i samtale med Annbjørg Helland, Bjørg Berge og Nataliya Taranova Koldal frå Ukraina og Eikelandsosen. | Fotograf: Erik Vangsnes Fotograf: Erik Vangsnes Kø av folk frå fleire nasjonar ved kakebordet i Kommunetunet. Foto. | Fotograf: Erik Vangsnes
Fotograf: Erik Vangsnes Fotograf: Erik Vangsnes
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 24.02.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30