Aktuelt frå kommunen

Språkkaféen held fram

Plakat for språkkafé med assortert utval flagg. - Klikk for stort bilete

Tysdag 12. april frå kl 16.00 til 18.00 er det tid for Språkkafé i Eikelandsosen. Kafeen held hus i Aktivitetssenteret til Fusa kommune i bygget til Fusa vgs på Leiro. Alle interesserte er velkomne!

Kafeen er open frå kl 16.00 til 18.00 tysdag ettermiddag kvar 14. dag. Her er du velkomen til ein uformell samtale, språktrening, kulturutveksling og møte mellom menneske! 

På språkkaféen får ferske fusingar øvd seg på å praktisera norsk, og meir erfarne fusingar kan bli kjende med nye naboar og andre kulturelle bakgrunnar. Tilbodet er svært populært. 

Tysdag blir det enkel servering og varm mat for dei som kjem rett frå jobb eller skule. Det er organisert barnepass til dei minste.

Språkkaféen blir arrangert av Flyktningetenesta i Fusa kommune i samarbeid med kulturkontoret og Fusa frivilligsentral. 

Alle er velkomne!

 

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 11.04.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30