Aktuelt frå kommunen

Språkkafé

Plakat for språkkafé med assortert utval flagg. - Klikk for stort bilete

Måndag 7. september kl 16-18 blir det arrangert språkkafé på Tønnekafeen i Eikelandsosen. Velkommen til uformell samtale, språktrening, kulturutveksling og møte mellom menneske! 

På språkkaféen får ferske fusingar øvd seg på å praktisera norsk, og meir erfarne fusingar kan bli kjende med nye naboar og andre kulturelle bakgrunnar.

Kaféen er open på vanleg måte.

Språkkaféen blir arrangert av Flyktningetenesta i Fusa kommune i samarbeid med kulturkontoret, Fusa frivilligsentral og Tønnekafeen. Tilbodet blir prøvd ut kvar 14. dag på måndagar fram til 19. oktober.

Alle er velkomne!

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 07.09.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30