Aktuelt frå kommunen

Spørjeundersøking om ny hall

Idrettshall  (Knut Revne) - Klikk for stort bilete

Fusa kommune har laga ei spørjeundersøking for ulike delar av befolkninga om ønskjer dei har for den nye hallen. Så langt har me opna for ei digital undersøking for ungdommar, ei for eldre og ei for nye fusingar som har flytta hit frå andre land. 

Fleirbrukshallen i Eikelandsosen skal takast i bruk på nyåret 2019. I hallen vil det vera:

• ein idrettshall som kan delast inn i 3 gymnastikksalar
• styrketreningsrom med aldersgrense 16 år
• klatrehall
• møterom og fellesrom i ulike storleikar, inkludert ei "storstove" på 164 kvm med parkett som kan brukast til dans, kulturarrangement, kurs og større møte.
• kjøkken og kantine ved inngangspartiet
 
Målet med undersøkinga er å finna ut kva fusingane og brukarane av hallen ønskjer for den nye aktivitetsarenaen. Me vil spørja prioriterte grupper kva aktivitetar dei ønskjer å vera med på og korleis dei ønskjer å bruka det nye tilbodet. Alle svar er anonyme og kan ikkje sporast tilbake til deg. 
 
Undersøkinga rettar seg i første omgang mot desse gruppene:
  • Ungdom i alderen 13 - 20 år
  • Eldre/ seniorar frå 60 år
  • Nye fusingar med ikkje-norsk bakgrunn

Har du noko du vil leggja til som du ikkje får sagt i undersøkinga, kan du senda ein e-post til embla.helland@fusa.kommune.no.
 
Undersøking for ungdom: https://goo.gl/forms/LWP1iDbVX5255vsW2
Undersøking for eldre/ seniorar: https://goo.gl/forms/nQ2IzhUPOtBUDAbp2 
Undersøking for nye fusingar: https://goo.gl/forms/fEM6vaeiFEDzlTYL2
 
Om du får vanskar med å svara digitalt kan du venda deg til aktivitetskoordinator Embla Helland og få svara på ei papirutskrift.
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 27.11.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30