Aktuelt frå kommunen
Fotograf: Fredrik Thorsen
Villmarkskongen Lars Monsen fotograf Fredrik Thorsen

Spennande møte med Lars Monsen

Fredag kveld kunne dei tilsette i Fusa kommune som hadde funne vegen til Kulturløo på Helland, gle seg over eit spennande møte med villmarkskongen Lars Monsen. Biletkåseriet var ei gåve til dei tilsette som del av arbeidsmiljøtiltaket Fusa-i-farten. Og for ei gåve!

På langs og på tvers

Lars Monsen tok oss med på utrulege turar Noreg på langs, i Alaska, gjennom Grizzly-bjørnen sine rike, Canada på tvers og to Ingen grenser-ekspedisjonar. Han fortalde om nybegynnartabbar, respekt for naturen, nær-døden-opplevingar, utruleg slit og store gleder.

Fusa-i-farten kan verka smått etter å ha høyrt om samanhengande turar på 3 år! Men Monsen fortalde levande, fengslande og ikkje minst reflektert. Her var det berre å dra parallellar til eigen kvardag og eigne utfordringar og prøva å dra nytte av dei mange tankane han formidla. Han er sjølv eit godt døme på kva ein kan få til ved å setja seg store mål, og ikkje bry seg om kva andre måtte meina om dei, men jobba iherdig for å nå dei. Kva drøymer vi om? Kva kan vi få til her hjå oss?


Grundige førebuingar

Han understreka kor viktig det er med god planlegging og grundige førebuingar. Det kan alle læra noko av, sjølv om dei fleste av oss slepp å prøva ei veke på hundemat eller teltturar i høgfjellet vinterstid heilt utan mat. Samtidig meinte han er det viktig å vera fleksibel og kunna snu opp ned på alle planar og gjera noko heilt nytt og uventa. Løysingsorientert er ein av verdiane til Fusa kommune - Lars Monsen gav oss grundig skulering i å vera akkurat det! 

Ein annan nyttig eigenskap som Lars Monsen har, er tolmod. Han snakka om det å kunna venta - når du t.d. ligg vêrfast i eit telt i stormen i dagevis - og det å "bare være" og nyta livet og naturen rundt deg utan tanke på at det skal skje noko eller at du skal yta noko.


Ingen grenser

Lagbygging og det å sjå og utnytta kvarandre sine sterke sider var noko av lærdommen frå "Ingen grenser"-ekspedisjonane. Utgangspunktet hans for å bli med på desse, var å få lov til å vera med og knusa nokre fordommar og visa at alle kan få til det meste - nokon treng berre litt lenger tid. Og så må kvar og ein få rom til å finna sine eigne løysingar og gjera det på sin måte. Samarbeid, oppmuntring og tru på at det går, var andre stikkord. Viktige utfordringar å ta med seg inn i ein hektisk kvardag i Fusa kommune, som er IA (inkluderande arbeidsliv)-bedrift.

Lars Monsen er utdanna lærar. Tida gjekk fort under hans "kateter". Fantastiske bilete, utrulege forteljingar, humor og varme. Norsk skule har gått glipp av ein pedagogisk ressurs - vi andre er takknemlege for at vi har fått ein glitrande formidlar og ambassadør for natur og villmarksliv.

På Fusa-i-farten-festen vanka det òg blomar og ei stor takk til vår eigen "Ingen grenser"-deltakar Fredrik Thorsen, som var med på å gje oss store stunder framfor TV-skjermen og fekk Lars Monsen til Fusa!


Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 30.10.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30