Aktuelt frå kommunen
Fotograf: Erik Vangsnes
Frå opninga av Holdhus rulleskibane oktober 2008 fotograf Erik Vangsnes

Spelemidlar til Fusa

Kultur- og ressursutvalet i Hordaland fylkeskommune har løyvd kr 1 775 000 i statlege spelemidlar til prosjekt i Fusa for 2012 fordelt på fem søknader. Dei største summane gjekk til lysanlegg på Bygdastølen ski- og tursenter og stadion med lys på Holdhus rulleskibane, men det kom også tilskot til sandvolleyballbane, rehabilitering av ballbinge og friluftsområde.

Fusa fekk god utteljing ved tildeling av statlege spelemidlar for 2012. Fusa kommune fekk siste rest av den statlege finansieringa av Holdhus rulleskibane med kr 700.000 som gjekk til stadion og lysanlegg. Bygdastølen ski- og tursenter fekk også tilskot til lysløype med kr 633.000.


Nærmiljøanlegg

I kategorien nærmiljøanlegg vart det gjeve tilskot til tre tiltak:

  • Rehabilitering av ballbinge ved Eikelandsosen skule kr 144.000

  • Sandvolleyballbane ved Fusa ungdomsskule kr 114.000

  • Friluftsområdet på Fusaneset (Peraneset) kr 184.000

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 21.06.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30