Aktuelt frå kommunen
Fotograf: Erik Vangsnes
Tidlegare kunstutstilling på FBBS (arkivfoto) fotograf Erik Vangsnes

Spaserstokkmidlar til Fusa

Fusa kommune har fått tilsegn om kr 45 000 i tilskot frå staten til Den kulturelle spaserstokken for 2013. Pengane skal gå til eit profesjonelt kulturtilbod for eldre både på og utanfor institusjon.

Staten ved Kulturdepartementet lyste ut tilskot til Den kulturelle spaserstokken våren 2012. Pengane skal gå til profesjonell kulturformidling til eldre og skal nyttast i 2013. Fusa kommune ved kulturkontoret søkte om til saman kr 190 000 i tilskot til tre ulike tiltak:

  • Kulturformidling til eldre på institusjon
  • Syng for livet - etablering av songkor/-gruppe på insitusjon
  • Senioruniversitetet - tilskot til programhaldarar

Då tilsegnsbrevet kom i desember, vart samla tilskot på kr 45 000. Det vert lagt fram politisk sak på nyåret for Rådet for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne med nærare utgreiing av kva tiltak ein ønskjer sett ut i livet og prioritering av tilskotet.


Snarvegar:

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 13.12.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30