Aktuelt frå kommunen

Spar på vatnet!

Skilt utforma som kvit trekant med raud kant og svart ropeteikn. Illustrasjon. - Klikk for stort bilete Fusa kommune innfører på nytt forbod mot hagevatning og liknande frå og med 5. juli for abonnentane til kommunen sitt vassverk i Eikelandsosen og på Holdhus. Årsaka er at vasstanden i vasskjeldene minkar på grunn av lite nedbør i vår og sommar. Bruk difor så lite vatn som mogeleg.

Lågt grunnvassnivå

Langtidsvarselet viser heller ikkje nedbør av betydning. Det vil difor ta tid før grunnvassnivået kjem opp på normalt nivå igjen. Sjå meir informasjon om dette på varsom.no.

Det vert difor frå og med i dag 5.7.2018 innført forbod mot hagevatning o.l. for abonnentane til kommunen sitt vassverk i Eikelandsosen og på Holdhus. Abonnentane vert òg oppmoda om å bruka så lite vatn som mogeleg.

Fleire av dei private vassverka i Fusa har alt innført liknande forbod.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med teknisk vakt i kommunen, tlf. 478 05640.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 05.07.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30