Aktuelt frå kommunen

Spar på vatnet!

Skilt utforma som kvit trekant med raud kant og svart ropeteikn. Illustrasjon. - Klikk for stort bilete

Fusa kommune innfører forbod mot hagevatning og liknande frå og med 1. juni for abonnentane til kommunen sitt vassverk i Eikelandsosen og på Holdhus. Bruk elles så lite vatn som mogeleg. Årsaka er at vasstanden i vasskjeldene til kommunen sitt vassverk minkar på grunn av tørken.

Langtidsvarselet viser at tørken sannsynlegvis held fram inntil vidare. Det vert difor frå i dag 1.6.2018 innført forbod mot hagevatning o.l. for abonnentane til kommunen sitt vassverk i Eikelandsosen og på Holdhus. Abonnentane vert òg oppmoda til å bruka så lite vatn som mogeleg.

Fleire av dei private vassverka i Fusa har alt innført liknande forbod.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med teknisk vakt i kommunen, tlf. 478 05640.
 

Vassverket på Skjelbreid - Klikk for stort bileteVassverket på Skjelbreid Øystein Havsgård

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 01.06.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30