Aktuelt frå kommunen

Spansk dag i barnehagen

Sevillana i Strandvik barnehage - Klikk for stort bilete Solveig Vindenes Onsdag 6. april stod Spania i fokus i Strandvik barnehage. Barna "landa" i Cartagena og fekk oppleva spansk dans, festkjole og mat.

Styrar Solveig Vindenes fortel at dei ved hjelp av google earth landa i Cartagena, der Marta Martin Garcia, ei av dei som jobbar i barnehagen, kjem frå.

"I sin ekte spanske kjole viste Marta oss korleis vi dansar Sevillana, og det var mange som ville prøva seg sjølv også. Vi fargela spanske flagg og hengde dei på veggen."

Til lunsj vart det laga ein spansk rett "paella". "Det syntest dei fleste i barnehagen var kjempegodt," fortel Solveig Vindenes, og legg til: "Veit forresten alle at paprika på spansk heiter «Pimiento»?"

Fotograf: Solveig Vindenes Fotograf: Solveig Vindenes Fotograf: Solveig Vindenes Fotograf: Solveig Vindenes

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 26.04.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30