Aktuelt frå kommunen

Sommarope i biblioteket

Hylle med bøker. Foto - Klikk for stort bilete Biblioteket er ope i heile sommar, men med reduserte opningstider frå måndag 2. juli til og med laurdag 11. august. Det er personale til stades tysdag-torsdag kl. 09-14.30. Biblioteket er sjølvbetent i Kommunetunet si opningstid (kl. 09-14.30) måndag og fredag.

Laurdagar i skuleferien er biblioteket stengt. Første opne laurdag vert 18. august.

Sjølvbetening

  • Når bygget er ope, kan alle fritt nytta biblioteklokala med studieplassar og spelekrok.
  • Dersom du har med lånekortet, kan du låna og levera inn bøker og andre media på utlånsautomaten.

Fusa folkebibliotek ønskjer alle lånarar ein riktig god og bokrik sommar!

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 02.07.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30