Sommarkonsert med noko attåt
Aase er fysioterapeut og Solberg pensjonert organist. Dei bur i Kvam. Det var bortimot 50 tilhøyrarar i sansehagen frå heile FBBS og Fjordblikk dagsenter, fortel aktivitør Mildred Aarvik. Når ein ikkje er så sprek lenger fysisk, er det ikkje så enkelt å reisa på sommarferie. Her fekk publikum i staden bli med på ei musikalsk reise til mange land, og Hallgeir Aase fortalde om opphavet til musikkstykka.
Tibakemeldingane var udelt positive. “Dette var ei oppleving som eg vil hugsa med glede lenge,” vart det sagt av tilhøyrarene. Aarvik fortel at personalet på FBBS gjorde ein fantasisk jobb med å hjelpa dei som bur der ut i hagen, og kjøkkenet laga kjempegod smoothie til å kosa seg med etter konserten.
3-årsjubileum
16. juni er det tre år sidan sansehagen vart offisielt opna, og han har vist seg å vera ein god stad både for aktivitet og avslapping. Hagen vert framleis driven av ei samarbeidsgruppe med medlemmar frå Fusa Hagelag, Fusa Lions og tre tilsette innan helse og omsorg i Fusa kommune: ergoterapeut Ragnhild Bjørke, aktivitør Mildrid Aarvik og vernepleiar Anne-Siv Skåthun Berge.
Ved, høns og sledetur
"Hagen er ferdig utbygd. Me har no fem verpande høns, masse flotte blomar, ei grue, flotte ulike sitjegrupper i sol og skugge. Ein kan spela boccia, luka ugras, saga ved, stella høns eller berre vera ute i frisk luft," fortel Skåthun Berge. Ho legg til at hagen også kan brukast vinterstid. Ein dag i vinter kledde aktivitør Mildrid seg ut i klede frå gamledagar og drog dei som hadde lyst, rundt på sledetur i hagen på skaren!