Aktuelt frå kommunen

Sommarkampanjen #jegmotmeg

Illustrasjonsfoto - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto Helse Vest

Sterke følelsar er vanleg i ungdomstida, og dei fleste har det vanskeleg i blant. Nokre gonger tek dei vanskelege tankane overhand. Søk hjelp raskt om du mistenkjer at noko er gale. Då er sjansen størst for å bli frisk. Sjå tips og råd på Helse Vest si sommarkampanjeside.

Helse Vest sin minikampanje om ungdom og psykisk helse har fått tittelen #jegmotmeg, som ei vidareføring av serien som har gått på NRK i vår, der åtte ungdommar fortel om dei utfordringane dei slit med i kvardagen.

Ungdom og foreldre

Målgruppa for kampanjen er ungdom i alderen 16-25 år, foreldre og helsepersonell.

Målet med kampanjen er å bidra til meir openheit rundt psykisk helse, men òg å visa at det er hjelp å få, og informera om kven ein kan ta kontakt med for å få hjelp. 

Kvar kan ein få hjelp?

På kampanjesida finn du informasjon om dei ulike stadene ungdom kan få hjelp:

  • fastlege
  • helsesøster på skulen
  • helsestasjon for ungdom
  • Tips
  • Tops
  • liknande lågterskeltilbod i spesialisthelsetenesta 
  • eMeistring - behandling via internett
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 01.08.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30