Aktuelt frå kommunen

Sommarfest med full fart i Jettegryto barnehage

Det var mest springing på barna i Jettegryto barnehage på sommarfesten - Klikk for stort bileteDet var mest springing på barna i Jettegryto barnehage på sommarfesten Jettegryto barnehage

Torsdag 31. mai hadde Jettegryto barnehage sommarfest med «Walk and run» for barn, foreldre, besteforeldre og personale. Inntekta gjekk til fusaprosjektet «Hjelp til brannskadde barn i Sør-Etiopia». 

Sist helg var det stort "Walk and run"-arrangement i Eikelandsosen sentrum til inntekt for brannskadde barn i Etiopia. I mai har Jettegryto barnehage jobba med dette prosjektet gjennom bilete, forteljing og samtale. 31. mai hadde Jettegryto sitt eige arrangement.

"I bortimot 30 varmegrader sto 110 små og store på startstreken på vår eigen «Walk and run»," fortel Kjellaug Skage Raunsgard, styrar i Jettegryto barnehage. "Barn, foreldre, besteforeldre, søsken og personale gjekk eller sprang ein runde gjennom Brakabygda. Det var svært varmt, så saft på drikkestasjonen smakte godt. Dei ivrigaste sprang to rundar! Etterpå smakte det godt med både saltmat og søtmat frå mange nasjonar. Barnehagekoret song så fint om sommar, og at vi er barn av samme jord." 

Jettegryto barnehage samla inn kr 5290 gjennom denne aksjonen til fusaprosjektet «Hjelp til brannskadde barn i Sør-Etiopia». 

Barnehagestyraren ønskjer å retta ei stor takk for innsatsen til både store og små.

Fotograf: Jettegryto barnehage Fotograf: Jettegryto barnehage Fotograf: Jettegryto barnehage
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 06.06.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30