Aktuelt frå kommunen

Sommaravslutning i språkkaféen

Sommarblomar 3 - Klikk for stort bilete

Tysdag 19. juni er siste språkkafè i Fusa før ferien. Den internasjonale språkkafeen er open annakvar tysdag i oddetalsveker i Trivselstunet dagsenter, i bygget til Fusa vidaregåande skule på Leiro. Kafeen er ein møteplass for praktisera norsk og knyta kontaktar mellom menneske.

Språkkafeen er open mellom kl 16 og 18 og det er gratis inngang.

Kl 16.00-17.00 : middag og prat
Kl 17.00-18.00 : språkpraktisering/konkurransar
 
Ønskjer du fri frå middagslaginga og smaka på variert internasjonal mat?
Bli betre kjend med nye naboar og andre kulturar?
Lyst til å prøva deg på andre språk og læra bort ditt eige?
Få litt hjernetrim saman med andre og få ein god latter?
Bli kjend med spennande menneske og dela ein god historie?

DÅ KAN DU TA TUREN INNOM SPRÅKKAFEEN !

Arrangør er kulturkontoret i samarbeid med flyktningetenesta og Fusa frivilligsentral.
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 18.06.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30