Aktuelt frå kommunen

Sommaravisa 2013

Sommaravisa 2013 - Klikk for stort bileteSommaravisa 2013

 

Lurar du på kva som skjer i Fusa i sommar? "Sommar i Fusa:13" gjev deg svaret. Sommaravisa kjem i postkassa til fastbuande fusingar og fritidsbustader i desse dagar. 

Aktiv Fusa-sommar

Kva opningstider har nærbutikken i sommar? Når er det råd å besøkja Tønnegarden eller Engevik Gaard? Kvar kan eg få kjøpt fiskekort? Kva tid er det Vinnesfestival og Tour de Fusa? Avisa inneheld det du treng å vita for å kunna tilbringa ein aktiv sommar i Fusa. Det er berre å merka av i kalenderen med ein gong!

Her er turtips og kulturattraksjonar, badeplassar og aktivitetskalender. Du finn oppskrifter på sommarmat frå Fusa og informasjon om ledige tomter og husvære.

Fastbuande og turistar

Sommaravisa kjem i år ut for 5. gong, og som før er avisa utgitt av Fusa utviklingsselskap i samarbeid med Fusa kommune. Opplaget er 9000.

Skulle du ha rota vekk det eksemplaret som kom i postkassa, kan du få tak i fleire sommaraviser på næraste butikk i Fusa. Avisa kan også lesast på heimesida til Fusa kommune: Sommar i Fusa 2013. (PDF, 13 MB)

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 03.06.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30