Aktuelt frå kommunen

Sommar-SFO

Sommar-SFO - Klikk for stort bileteSommar-SFO Linda Lohne Fusa oppvekstsenter arrangerer sommar-SFO for skulebarn frå heile kommunen. Sist veke deltok 13 barn på spennande aktivitetar både innandørs og utandørs. 

Fisking og fjelltur

Leiar for skulefritidsordninga (SFO) ved Fusa oppvekstsenter Linda Ann Lohne melder om aktive dagar med ein aktiv gjeng. Dei har fiska og bada på Peraneset på Fusa og vore på tur til Fusafjellet.

Klatring

Innandørs har dei hatt aktivitetar i gymsal. Aller mest populær var turen til Nore Neset aktivitetshus i Os, der dei fekk prøva seg i den åtte meter høge klatreveggen til Os turlag.

SFO-leiaren ønskjer alle elevar og foreldre ein god sommar!

 

Fotograf: Linda Lohne Fotograf: Linda Lohne Fotograf: Linda Lohne Fotograf: Linda Lohne
Fotograf: Linda Lohne Fotograf: Linda Lohne Fotograf: Linda Lohne Fotograf: Linda Lohne
Fotograf: Linda Lohne
 

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 02.07.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30