Aktuelt frå kommunen

Sommar-SFO

Blide SFO-barn på skatebanen i Eikelandsosen - Klikk for stort bileteBlide SFO-barn på skatebanen i Eikelandsosen Linda Ann Lohne

Fusa kommune har arrangert sommarferie-SFO ved Fusa skule i fem dagar etter skuleslutt. 14 ivrige barn har delteke på varierte aktivitetar. Aller mest populært var besøket på skatebanen i Eikelandsosen.

SFO-leiar Linda Ann Lohne melder om fine dagar med 14 herlege barn! "Denne gongen har det vore aktivitetar på skulen, tur i nærmiljøet, tur til Eikelandsosen for å sjå på Jettegrytene og ikkje minst besøkja skatebanen," fortel ho. "Besøket på skatebanen var den mest populære utflukta, der kosa dei seg i timevis."
 
"Takk for no herlege "Fusabarn" - de har vore kjempegreie å ha med å gjera!" avsluttar SFO-leiar Linda Ann.
 
Fusa kommune ønskjer alle ein god sommarferie!
 
Fotograf: Linda Ann Lohne Åtte blide barn på ein skaterampe i Eikelandsosen. Foto. | Fotograf: Linda Ann Lohne SFO-barn på jettegrytetur. Her står dei inni ei jettegryte og ser oppover mot toppen. Dei var veldig interesserte i å høyra om historia til jettegrytene. Foto. | Fotograf: Linda Ann Lohne Solbrillefine jenter. Foto. | Fotograf: Linda Ann Lohne Sara, Ida og Sofia ligg på magen i ballbingen og kviler. Foto. | Fotograf: Linda Ann Lohne Seks barn sit på ein stokk og et nista si på veg til jettegrytene. Foto. | Fotograf: Linda Ann Lohne 12 barn framfor ballbingen på Fusa. Foto. | Fotograf: Linda Ann Lohne Full fart på rullebrett nedover ein skaterampe. Foto. | Fotograf: Linda Ann Lohne Ellinor, Karianne, Gabriel og Maria fyk opp og ned på skatebanen. Foto. | Fotograf: Linda Ann Lohne Sofia i farta. Foto. | Fotograf: Linda Ann Lohne Med sparkesykkel på ein skaterampe. Foto. | Fotograf: Linda Ann Lohne Sandvolleyballbanen vart òg besøkt. Blid sommarjente i volleyballsanden. Foto. | Fotograf: Linda Ann Lohne
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 01.07.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30