Aktuelt frå kommunen
Sommar-OL i Jettegryto
Engasjerte OL-deltakarar i Jettegryto barnehage
På tur oppover til Vetlevardhaugen
På tur til Vatlevardhaugen
Spennande dyrespor
Spennande dyrespor
På toppen!
På toppen!

Sommar-OL i Jettegryto

Måndag 4. juni var det høgtidleg opning av sommar-OL i Jettegryto barnehage med tenning av OL-eld, flaggtog og OL-dans. I to veker skal barna delta i ulike "OL-greiner".

Fjelltur

Onsdag gjekk 22 barn i alderen 3-6 år til Vetlevardhaugen og skreiv seg i boka. Barnehagen melder om imponerande innsats! Det var mykje å sjå og studera undervegs, m.a. edderkoppar og spor etter store dyr...

Kosthaldet er ein viktig del av OL-utøvarane si førebuing, og turgodt og niste i sekken høyrer med på topptur!


Testar OL-greiner

I løpet av denne og neste veke får barna prøva seg på ulike "OL-greiner": Topptur, balldag, sykkeldag, friidrett, dans, elvevandring og tur i fjæra. Dei avsluttar med natursti og premieutdeling i Jetteskogen neste fredag.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 13.06.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30