Aktuelt frå kommunen

Søknadsfrist for nye elevar og re-registrering i Os og Fusa kulturskule

Dansegruppe på omlag tjue jenter i lyse kjolar med stilig lysetting.  - Klikk for stort bilete

Det er snart ny søknadsfrist og frist for re-registrering for aktive elevar og elevar på venteliste i Os og Fusa kulturskule. Søknad eller re-registrering må skje innan 1. april dersom ein ønskjer plass eller å halde fram i kulturskulen neste skuleår, òg elevar på venteliste må re-registrera seg. 

Kulturskulen set pris på at elevar som ønskjer å slutta i kulturskulen registrerer dette ved å velja nei når dei re-registrerer.

Elevar som er usikre på skulesituasjonen sin frå hausten, gjerne grunna overgang til vidaregåande skule eller utveksling,  kan re-registrera seg innan fristen, og sidan søkja permisjon eller seia opp plassen sin nærare skulestart. Kulturskulen kan gje permisjon for inntil eitt skuleår om gongen.
 
Her er lenke til søknadsskjema og skjema for re-registrering: https://noosk.speedadmin.dk
 
Om ein har spørsmål kan ein ta kontakt med rektor Christian Breistein, e-post  cbr@os-ho.kommune.no eller Turid Moberg Kirkbride - tmk@os-ho.kommune.no Sjå informasjon om kulturskulen på Fusa kommune si nettside.
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 27.03.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30