Aktuelt frå kommunen
Bolaks sitt anlegg på Mjånes. | Fotograf: Jørgen Fagertun
Marine næringar er mellom dei prioriterte næringane i Regionalt utviklingsprogram for Hordaland. fotograf Jørgen Fagertun

Søk tilskot frå regionalt næringsfond

Hordaland fylkeskommune har tildelt Bjørnefjorden Næringsutvikling midlar til eit regionalt næringsfond for Fusa, Os og Samnanger. Målet er å få til regional utvikling. Søknadsfristen for 2012-tilskot er 21. november.  

Satsingsområda er:

  • næringsretta kompetanseheving

  • entreprenørskap og innovasjon

  • internasjonalisering

  • utvikling av livskraftige lokalsamfunn

Det kan også gjevast støtte til andre type prosjekt. Tiltak som kan vera med på å utvikla regionen vår, vert prioriterte. Midlane kan ikkje nyttast til ordinær drift.


Kven kan søkja tilskot?

  • kommunane i regionen

  • regionale/interkommunale organ

  • bedrifter

  • lag og organisasjonar

Sjå elles:

Her er følgjande næringar prioriterte:

  • Energinæringar

  • Marine næringar

  • Maritime næringar

  • Kulturnæringar

  • Reiselivsnæringar

  • Landbruksnæringar  

Korleis søkja? 

Søknaden skal sendast til Samnanger kommune på e-post: post@samnanger.kommune.no Bruk eige søknadsskjema m/rettleiing, som er å finna på Samnanger kommune sine nettsider:

Har du spørsmål, kan du ta kontakt med Fusa utviklingsselskap tlf 56 58 18 90 eller rådmann Tone Ramsli i Samnanger kommune tlf 56 58 74 23 / 56 58 74 00.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 15.11.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30