Aktuelt frå kommunen

Søk midlar til lokale trafikksikringsarrangement

Sykkel - Klikk for stort bilete Trygg Trafikk Hordaland fylkeskommune gjev tilskot til lokale trafikksikringsarrangement. No kan skular, barnehagar, lag, foreiningar, organisasjonar og kommunar i Hordaland søkja om midlar. Søknadsfrist: 1. mai.

Fylkestrafikksikringsutvalet i Hordaland ønskjer å stimulera til trafikksikringsaktivitet i heile fylket. No kan skular, barnehagar, lag, foreiningar, organisasjonar og kommunar i Hordaland søkja midlar til lokale trafikksikringsarrangement.

Døme på arrangement som tidlegare har fått støtte, er trafikksikringsdagar, sykkelopplæring, refleksaksjonar, teaterframsyning osb. 

Meir informasjon

Har du ein idé til eit arrangement? Ta kontakt med Hordaland fylkeskommune eller sjå nettsidene til fylkeskommunen for meir informasjon om ordninga. Her finn du m.a. opplisting av kriterium for å få tilskot og søknadsskjema.

  • Kva: Tilskot til lokale trafikksikringsarrangement
  • Søknadsfristar: 1.mai og 1.september 2019
  • Kontaktperson: Eva Vinjevoll, rådgjevar i samferdselsavdelinga, Hordaland fylkeskommune - telefon: 48 89 40 10 / 95 00 95 59, e-post: Eva.vinjevoll@hfk.no
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 10.04.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30