Aktuelt frå kommunen

Snakk med tenåringen din om alkoholbruk

Illustrasjonsfoto - Klikk for stort bilete

Foreldre bekymrar seg for korleis det skal gå når barna vert tenåringar og kjem i kontakt med alkohol. Klare grenser, tydelege haldningar og involverte foreldre kan gjera ein større forskjell enn ein kanskje trur, seier AV-OG-TIL-koordinator i Fusa kommune Synne Stagrim Håve. Les meir om nyttige tips frå AV-OG-TIL.

Rollemodellar

Foreldre påverkar barna sine drikkevanar gjennom dei grensene dei set, og gjennom korleis dei opptrer som rollemodellar. Denne påverknaden er sterkare enn dei fleste er klar over.

Jo eldre barna vert, jo viktigare er det å vera bevisst på at ein er eit forbilde. Ungdom lærer av foreldra sine, deira haldningar til alkohol og deira drikkevanar.

Unge lærer seg drikkevanar frå omgivnadane sine, både frå vener, omgangskrets og foreldre. I eit samfunn der alkoholkonsumet har auka med nesten 40 prosent dei siste 20 åra, kan det vera fint å visa at det går an å feira eller kosa seg utan alkohol.

AV-OG-TIL-tips til korleis du kan påverka barnet ditt sitt forhold til alkohol:

1. Ikkje gje barna dine alkohol

Ein av dei mest seigliva mytane som finst er at det er lurt å senda alkoholhaldig drikke med barn under 18 på fest fordi då ”veit du i alle fall kva dei drikk”. Ungdom som får smaka heime eller som møter aksept heime for at dei drikk alkohol, drikk meir og oftare ute blant sine jamaldrande.

2. Ver kjip

Livet er ikkje ein popularitetskonkurranse. Sett klare grenser  og ”stå i det” sjølv om det kjem høglytte protestar frå poden. Nokre gonger må ein vera ”cruel to be kind”. Ved å setja grenser, viser du at du er til å stola på.

3. Snakk med andre foreldre

”Alle andre” får sannsynlegvis ikkje lov til å drikka alkohol, gå på festar eller sjå filmar med 18-års grense. Sjekk likevel dette med andre foreldre. Snakk saman. Skap foreldrenettverk i nærmiljøet. Gjer ungdommen klar over at du faktisk har oversikt over kva ”alle andre” får lov til.

4. Ha faste reglar

Gi barnet faste ”innetider” og ver vaken når ungdommen kjem hjem. Hent ungdommen på fest. Mange vil faktisk setja pris på dette. For å kunna følgja med, må ein òg gå nokre rundar med seg sjølv når det gjeld eige alkoholkonsum.

5. Ha ein open dialog

Vi ønskjer alle det beste for barna våre. Ikkje minst ønskjer vi å forstå hva som går føre seg inne i hovuda deira. Ver til stades. Ver nysjerrig. Still ungdommen opne spørsmål, som: ”Når har du det bra?”,”kva er det finaste du har gjort denne veka?” Dei viktigaste samtalane startar gjerne tilfeldig, med eit tema som tilsynelatande er uviktig.

 

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 09.03.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30