Aktuelt frå kommunen

Slutt på kommunale overformynderi

Illustrasjonsfoto verje - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto verje Vergemålsportalen

 

1. juli trer ny lov om verjemål i kraft. Dei kommunale overformynderia vert nedlagde frå same dato og Fylkesmannen overtek oppgåvene deira.

Omfattande reform

Formålet med den nye verjemålslova er å auka rettstryggleiken, rettslikskapen og kvaliteten i verjemålsforvaltninga. 

Den omfattande reforma skal sikra at interessene til mindreårige og vaksne som ikkje kan handla på eiga hand, vert ivaretekne på best mogleg vis. Dette skal skje med respekt for verdigheita og integriteten til den som treng verje. Alle nye verjemål blir individtilpassa, og det skal leggjast stor vekt på retten til å rå over seg sjølv.

Fylkesmannen oppnemner verje

Endringane inneber at det er Fylkesmannen som skal oppnemna verjer for mindreårige og vaksne i dei tilfella der det er behov for det. Hjelpeverjer som er oppnemnde etter tidlegare lov, held fram som før, men omgrepet hjelpeverje er i ny lov erstatta med verje. Alle vedtak om verjemål vert vidareført etter 1. juli 2013.

Det følgjer vidare av den nye lova at institusjonar og bustader skal melda frå til Fylkesmannen dersom det kan vere naudsynt å oppnemna verje for personar som er innlagde, eller dersom eksisterande verjemål bør endrast. Meldeplikta gjeld også ansvarleg for sosialtenesta i kommunen, og for kommunen si helse- og omsorgsteneste utanfor institusjon.

Snarvegar til meir informasjon om endringane:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 26.06.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30